Hudpleie
Her finn du eit breitt spekter av behandlingar – frå djupreins og massasje til meir avanserte metodar som microneedling, skinbooster og kjemisk peel. Alle behandlingane vert tilpassa din hudtype og dine behov, med fokus på resultat, tryggleik og god eigenomsorg. Usikker på kva du bør velje? Bestill gjerne ein hudkonsultasjon – så finn vi ut av det saman.

djuprens m/massasje
Glødande hudbehandling – fornyande, fuktgivande og skreddarsydd! Ei rensande og oppfriskande behandling som vert tilpassa dine individuelle behov etter ei grundig hudanalyse. Huda får ein eksfolierande djuprens for å fjerne daude hudceller og friske opp overflata. Behandlinga vert avslutta med ei beroligande maske etter hudens behov, kombinert med avslappande nakke- og skuldermassasje for maksimal velvære. Du får også tips til produkt du kan nytte til heimebruk for maksimal effekt og utbytte av behandlinga.
30 min djuprens
30 min Djuprens – Oppfriskande og fornyande hudpleie Ei effektiv, rensande behandling som gir fukt, glød og fornying. Etter ei rask hudanalyse vert behandlinga tilpassa din hudtype. Huda får ein grundig eksfolierande djuprens, og avsluttast med ei beroligande maske som roer og balanserer huda.
hudkonsultasjon
Gjennom ein hudkonsultasjon får eg vite det eg treng om huda di. Lurer du på korleis hudtype du har, om du har nokre hudtilstandar eller hudsjukdommar, om du eventuelt har ein tilstand som bår tilsjåast av hudlege, kan eg svare på dette. Hudanalyse inkludera rens og analyse av hud, forslag til behandlingsprogram og forslag til skreddarsydd hudprogram tilpassa di hud.
Open time
Dersom du er usikker på korleis behandling som passar best for deg og di hud, kan du bestille ein open time så finn vi saman ut av korleis behandlingsplan som passar best for deg. Fra pris: 790